Ady Endre: Eg lever i unge hjarta (Ifjú szívekben élek in Norwegian)
Ifjú szívekben élek (Hungarian)Ifjú szívekben élek s mindig tovább, Szent lázadások, vágyak s ifjú hitek Igen, én élni s hódítani fogok Örök virágzás sorsa már az enyém,
|
Eg lever i unge hjarta (Norwegian)Eg lever i unge hjarta for alltid. Fånyttes trugar dei meg på livet, dei gamle knarkar og arge toskar: mitt liv har tusen på tusen røter.
Det er ikkje kvar mann gitt å få eige ein evig ungdom av heilage opprør, lengsel og tru. Berre den som lever eit blodfullt liv, i røyndom og sanning.
Ja, eg skal leve, leve og sigre, eit stort og smerteleg liv gav meg retten. Hån og skitord skal ikkje nå meg, for eg er verna av unge hjarta.
Min lagnad er alt den evige bløming. Fånyttes trugar dei meg på livet, heilag er det og hardt som ei kiste. Men det er blømande liv, det er evig.
|