Kosztolányi Dezső: Når du har fylt dei førti… (Ha negyvenéves… in Norwegian)
|
Ha negyvenéves… (Hungarian)Ha negyvenéves elmúltál, egy éjjel,
|
Når du har fylt dei førti… (Norwegian)Når du har fylt dei førti, kan det hende du vaknar brått ei natt ein gong, og sidan kjem ikkje søvnen att. Du ser på rommet i mørket der du ligg. Du grunnar sakte på eit og anna. Ligg med opne augo som ein gong i di grav Det er eit vende, ditt liv vil svinge inn på nye vegar. Du undrast over at du alltid levde imellom jord og stjerner. Minnest småting, du leikar med dei, trøytnar, let dei falle Du høyrer stundom larmen ifrå gata. Du veit så vel kva alle lydar tyder. Vemodig? Berre merksam, vaken, nøktern. Og nesten roleg. Men du ligg og sukkar og vender deg mot veggen. Til du sovnar.
|